Meld deg på/av vårt nyhetsbrev.

Velg nærmeste spillested

  • Aukra
  • Aure
  • Averøy
  • Brattvåg
  • Herøy
  • Kristiansund
  • Molde
  • Nordfjoreid
  • Sandøy
  • Sjøholt
  • Skodje
  • Smøla
  • Stranda
  • Sunndalsøra
  • Surnadal
  • Sykkylven
  • Tingvoll
  • Ulsteinvik
  • Valldal
  • Vanylven
  • Vestnes
  • Ørsta
  • Ålesund
  • Åndalsnes

 
 
 
 
 
Platform shift
 
Platform shift
 
 


Last ned bildet i full størrelse: idreamt.jpg


Last ned bildet i full størrelse: Plakat Lilla 691x390 liggende.jpg

#idreamtlilla

Vis ditt uttrykk på Instagram - Vinn billettar!

Din musikk! Din stil! - Kva er det?
Har dei artistane du diggar innverknad på stilen din? Kva musikk likar du? Kva image har du? Kva med vennegjengen din? Påverkar stil eller image måten folk oppfører seg på?

Er det forskjell på gutar og jenter? Eller kan du velje kva musikk og kva stil du vil uansett? Kan du velje kva du vil - eller kjem det an på kva dei andre syns?
Er det lett? Eller vanskeleg? – Å være DEG. Er du annleis? Eller er du lik andre? Skulle du ynskje at du var nokon andre? Eller har du ikkje tenkt over det – ikkje tatt stilling til det og berre ER? Det er OK at du er deg – uansett.

Å tørre vise sitt eige uttrykk handlar om mot. Og det handlar om solidaritet, respekt og venskap. På nett som alle andre plassar.



Send eit bilde. Send ein filmsnutt.
Skriv noko om kva du meiner om stil og uttrykk.
Kva stil du meiner er bra. Eller kva stil du syns er dårleg. Sei kva du syns
.
Du kan gjerne lage eit kunstverk. Legge sjela di i det.
Bruk hashtag #idreamtlilla på Instagram
Lag din eigen bildetekst. 


  

Er ungdom frå Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag like? Sjå kva andre har lagt ut. 
Ver ein ven! Ha solidaritet og respekt som grunnlag når du kommenterer andres bidrag.

Ser du ikkje bildet du har lasta opp? Då har du "privat" instagramprofil kanskje? Hvis du vil ha bildet ditt på sida vår, så kan du også sende ein e-post til marianne@teatretvart.no slik at me kan laste det opp for deg.

Slik verkar det
For ungdom mellom 13 – 20 år.
Siste frist for å delta er 13. desember.
Legg ut bilder på Instagram, legg til eigen bildetekst som belyser uttrykket ditt, og husk #idreamtlilla for å bli registrert som deltakar.
Send gjerne eige format til marianne@teatretvart.no merka med "#idreamtlilla" dersom du ikkje brukar Instagram.

Me presenterar vekas #idreamtlilla
Kvar veke velgjer me ut inntil 5 bidrag som får gratisbillettar til Rockheim eller Teatret Vårt og kan brukas fritt innan 1.8.14. Bidraga blir presentert på våre nettsider.
Me vel ut bidrag på bakgrunn av kommentarar i kommentarfeltet og kvaliteten på bidraget. Med kvalitet meiner me at bidraget kan ha høg kunstnarisk kvalitet, det kan peike på noko som er viktig, det kan utvise stort mot, ha rørt oss eller på mange ulike måtar ha god kvalitet. Vinnarar blir kontakta.

P.S. Du kan også delta i tekstkonkurransen: Skriv for scena

Teatret Vårt presenterer framsyninga LILLA av Jon Fosse. Rockheim presenterer utstillinga I Dreamt I Was A Real Boy. Begge omhandlar musikkultur og kva forskjellar som er mellom kjønna.  Me inviterer deg til å sende oss dine inntrykk frå kvardagen - ute i det levande livet. Konkurranse er eit samarbeid mellom Teatret Vårt og Rockheim. 

      

 


 

FOR LÆRARAR:

Bilde- og filmkonkurransen kan sjåast i samanheng med aktuelle læreplaner, her er nokre eksempel frå kompetansemåla i læreplanen. Jamfør også tekstkonkurranse Skriv for scena.

Norsk læreplan ungdomsskole:
Samansette tekstar;
·         Bruke ulike media, kjelder og estetiske verkemiddel i samansette tekster henta frå informasjon- og underhaldningsmedia, reklame og kunst og reflektere over korleis vi påverkas av lyd, språk og bilde.

Norsk læreplan vidaregåande skole:
Vg1: Samansette tekstar;
·         Kombinere munnlege, skriftlige, visuelle og auditive uttrykksformer i framføringar og presentasjonar.

Vg2: Samansette tekstar;
·         Analysere og vurdere ulike sjangrar i tekstar henta frå TV, film og internett.
·         Bruke ulike media for å tolke og presentere tekstar frå ulike tider.
·         Vurdere bruk av estetisk verkemiddel i ulike media.

Vg3: Samansette tekstar;
·         Vurdere bruk av estetiske verkemiddel i ulike media.
·         Bruke ulike media for å tolke og presentere tekstar frå ulike tider.
·         Analysere og vurdere argumentasjon i og påverknad frå tekster i aviser, på TV og Internett ved hjelp av omgrep frå retorikken.

Kunst og handtverk/Formgjevingsfag/Digitale hjelpemiddel
·         Digital bildebehandling.

Religion og etikk
Vg3:
·         Drøfte syn på kjønn og kjønnsroller hos noen filosofer.

Samfunnskunnskap
Etter 10. trinn:
·         finne fram til og presentere aktuelle samfunnsspørsmål, skilje mellom meiningar og fakta, formulere argument og drøfte spørsmåla.
·         Drøft forholdet mellom kjærleik og seksualitet i lys av kulturelle normer.
·         Forklar kva haldningar og fordommar er og drøfte moglegheiter og utfordringar i fleirkulturelle samfunn.

Etter Vg1/Vg2:
Individ og samfunn:
·         Forklare kvifor kjønnsroller varierer mellom samfunn og kulturar og diskutere kvifor kjønnsrollene endrar seg over tid.
Kultur:
·         Definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid.
Internasjonale forhold:
·         Definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir bruk i verdssamfunnet. (red.anm. Teatret Vårt: Har artistar makt?)