Meld deg på/av vårt nyhetsbrev.

Velg nærmeste spillested

  • Aukra
  • Aure
  • Averøy
  • Brattvåg
  • Herøy
  • Kristiansund
  • Molde
  • Nordfjoreid
  • Sandøy
  • Sjøholt
  • Skodje
  • Smøla
  • Stranda
  • Sunndalsøra
  • Surnadal
  • Sykkylven
  • Tingvoll
  • Ulsteinvik
  • Valldal
  • Vanylven
  • Vestnes
  • Ørsta
  • Ålesund
  • Åndalsnes

 
 
 
 
 
Platform shift
 
Platform shift
 
 


Last ned bildet i full størrelse: edvardhoem.jpg

EDVARD HOEMS PROLOG

Her kan du lese prologen Edvard Hoem framførte under åpningen av Plassen 14. juli.
Prologen publiseres kun på vår nettside.

Ingenting blir slik det var.
Litt av det som var, blir med oss.

Prolog til opninga av kulturhuset Plassen i Molde, 14. juli 2012

 

Molde, Molde, i musikk og sommar!
Her, ved inngangen til Plassen
kjenner eg ei duft av kaprifol.
Like etter står eg i ein eim av regn og roser,
Eg ser kvite hus i julisol!
Det er bilderestar frå min ungdom,
da eg sat på Kaffistova, lytta
til dei siste originalane i byen:
Mordal, Stokkeland, Parelius.
Dei som hadde førkrigs-Molde fremst i minnet:
Reknes sanatorium og Gørvellbrygga.
Hestar kom med lass inn Julsundvegen,
kjøpmenn stod i opner dører for å lokke
engelske turistar inn til seg.
Alt var småby, rosekratt, idyll.
Så kom krigen hit, med brann og bomber,
ingen ting vart som det var, men
litt av det som var, vart med oss.


Det er snart gått femti år,
sidan eg fann ly i Molde.
Molde var min ungdoms by.
Det var her eg skreiv mitt første dikt.
Det var her eg klemte kviser,
gjekk med alpelue, las aviser.
Her var alt på liv og død!
Her stod livets kvardagar i kø!
Som eg lukta bryl og billig aftershave,
før eg sleppte alle band, let skjegget gro
dikta store dikt om livet og om døden,
der eg gjekk i gatene og dreiv!


Men i livets største einsemd
kom det sjeldne høgdepunkt:
Lektor Amdam reiste seg på lærarrommet
vende seg til lektor og adjunkt:
Riksteatret kommer med John Gabriel Borkman!
Dit må hele skolen gå!
Ja, så gjekk vi da, og det var vinter,
Vi fekk glimt inn i ei framand verd.
Sidan var det Arthur Miller, Pinter,
alt som er, sjølv om det ikkje er.
Sidan kom vi aldri frå det,
sceneglansen, rampelyset,
latteren og nervegyset,
inni oss brann store spørsmål,
kunne kunsten gi oss svar?

Storyville på søndagskveldar,
Lulu Ziegler kom på torsdag,
stod i gloret lys i Molde kino!
sende slengkyss frå ei framand verd!
Molde kino var konsertsal,
og musikkens meistrar fekk vi møte der.
Wandy Tvorek! Bækkelund!
Andre dagar søkte vi ei stille stund
over bøkene på biblioteket.
Elva brusa like utanfor.
Mens vi møtte Sartre og Camus,
Hamsun, Thomas Mann og Dostojevski,
vart det vinter, vår og sommar
i vår ungdoms trøysteslause by.


Eg må klype meg i armen
der eg går i store trapper,
Plassen, reist på Gørvell-plassen,
her skal alle trådar møtast.
Gørvell, Gørvell, kven var Gørvell!
Gørvell, det var bror av Jacob Jervel!
Jacob Jervel, kven var det?
Joda, han var bror til Gørvell!
Johan Gørvell var ein finsk student,
som frå først av heitte Järvela,
men som heitte Järvelin på svensk!
Nei, no går det rundt for meg!
Jo da, denne Jervelin og Järvela,
son av Finlands største seglskipsredar,
født i Oulu, var student i Uppsala
da han gjekk om bord i farens skute,
den som skulle frakte trelast til Paris
Men da vart dei utsett for forlis!
Men i Nordsjøen kom stormen over dei!
Stamn og styring miste dei!
Opp langs norskekysten fór dei,
såg ein annan havarist,
borda den og berga mannskapet,
men i ville stormars kast
da rakna segla, master brast,
og dei gjekk på grunn ved Harøy-landet.

Mange drukna, Järvela og sonen
berga seg, så vidt det var.
Nokre sjøfolk tok seg ‘tå dei,
gav dei mat og kledde på dei
før dei reiste inn til Molde.
Faren kjende n’ William Main,
ektemann til Anna Lisa Koren,
mektig frue over Reknesgodset!
Så der vart det gjensynsglede!
Selskap oppe, selskap nede,


Men dei tørka fliren av seg:
William Main vart svak og sjuk.
Etter jul drog han sitt siste sukk.
Der sat Anna Lisa Koren
og såg så tungt mot Romsdalsfjorden.
Altfor ung var ho blitt enke,
inga trøyst at ho var rik!
Johan Järvela  såg det ikkje slik!
Tjue år eldre var ho, kva gjer det!
Hoi, hoi, Järvela!
La oss drikke dus, sa han!
Du er kvinne, eg er mann!
Enka tørka tårene!
Järvila prisa bårene
som dreiv han i hennar famn,
kyste henne, fann på kjælenamn,
snakka fransk og lo skålte.
Enka såg at mannen målte
seks fot tre på sokkelesten.
Blir du med meg, du, til presten,
skal du sidan smake resten.
Men den gode Järvela
vørte ei det enka sa.
Sørgetida var snart omme.
Ho gjekk opp på soverommet!
Järvela gjekk til gjestesuiten
drog først av studenthabitten
før han søkte hennar seng!
Nei, å nei, er du her inne?
Nei og ja, så finn meg, finne!
Berre ta det du vil ha!
Hoi, hoi, Järvela!

Neste år var mannen rik,
skifta namn, no heitte’n Jervel
denne pokkers Järvela!
Slo seg opp med hus og handel,
gift med Anna Lisa Koren
vart han fremste mann ved fjorden!
Bror hans kom på raskt besøk.
Å, her var det fint, sa broren.
unge Jacob Järvela,
eg vil bu ved Romsdalsfjorden!
Men den første Järvela,
Johan Järvela, lo og sa:
Søker du til denne hamn,
må du ta eit anna namn!
Hoi, hoi, Järvela!
Vi må kaste mynt og krone!
Ein blir Jervel, ein blir Gørvell!
Nei, der vann du! Eg blir Gørvell.
Du får heite Jervel, du da!
Eg blir Johan Gørvell!
Så vart Gørvells gard skilt ut
frå det store Reknes-godset,
Gørvell-alleen, Gørvell-plassen!
Mannen som gav namn til plassen
var ein steinrik finsk student!
Handlekraftig og potent,
alltid med studenterhue
frå si tid i Uppsala
gjekk han her i byens gater!
Byens første einmannsteater!
Blåe rynker, skjerm og dusk!
Høi, hoi, Gørvell-kar!
Han bør få ein statue,
her på plassen, Gørvell-plassen.


Plassen ligg på Gørvell-plassen,
og her summar folkemassen
mens bassisten stemmer bassen.
Julisola skin i brassen!
Store ting skal enno skje oss!
Litt av det som var, blir med oss!
Men det gamle er forbi.


Nye grep og nye målarstykke,
nye tiders ungdomslykke,
nye tiders kjærleiksdraumar,
nye tiders sørgjesong!
skal vi høyre i all jazzen!
Her frå Plassen, Gørvell-plassen
står vi no, og himlen over,
skifter mellom sol og gråvêr,
slik han alltid gjorde her.
Men frå taket ser vi fjorden,
Hjertøya med Molde-holman’.
Bak dei står i sol og skumring
Romsdalsfjella, slik vi såg dei
slik vi såg dei første gong,
slik vi alltid har dei med oss
same kvar vi var og er.


Somtid ligg det nye skjult
i ei gammaldags legende.
Somtid er det største mindre
enn eit hastig augnekast!
La stå til, og la det fara!
Det var før, og ikkje no!
Snart skal vi ta plass i Plassen!
Trapper, himmelstorm og glass!
Her er Moldes nye festpalass!
Her er dei som nettopp kom til verda!
Her er vi som kjem frå andre tider!
Det som var, det har vi med oss,
legg det frå oss, lik ein krans,
no i dag er bygget ferdig:
Vi held kranselag på Gørvell-plassen.
Våre kransar gjort av gamle minne,
lyser her ei stund, og så skal dei forsvinne.

Høyr musikken spelar opp for oss
og for dei som skal ta over leiken!
Nye kjærastpar skal møte
livets alvor, dei skal krangle, kline
når dei går den gamle Vardevegen!
Nye tårer dryp på Plassen!
Nye ansikt skin i lyset,
skumringslyset, rampelyset,
sommarlyset over Romsdalslandet.


Alt det største her i livet, fekk vi låne.
Alt som vart vårt eige, fekk vi utanfrå!
Litt av det som var, blir med oss.
Store ting skal enno skje oss,
nye spørsmål, andre svar.
Alt blir annleis enn vi tenkte,
enn vi trudde, enn vi drøymde.
Men vi trudde, tenkte, drøymde!
Det var det vi gjorde her!


Tenk kor uuthaldeleg det var om alt stod stille!
Tenk om vi fekk alt nett slik vi ville!
Ingen ting blir slik det var!
Nye lengsler skal få svar:
Elsk meg no! Gå aldri frå meg!
ropte vi! Så reiste vi.
Og så miste vi kvarandre
men det var vår eine ungdom,
det var det vi  kallar livet,
det som skjedde med oss da!

Alt som skjedde sidan ser vi,
skarpt, i lyset frå vår ungdom,
nederlag som sveid, no ler vi.
No som sorg er vendt til glede
spør ein: Kunsten eller livet?
Her skal kunsten møte livet.
Her skal kunsten slå seg fri
frå dei klamme konvensjonar.
Her skal kunstnaren snu ryggen
til den trygge, gode smak.
Kunstens dødsfiendar er:
Først dei middelmådige,
deretter dei smålege og grådige,
dei som meiner alt var betre før,
Slepp så fram dei modige!
Det forkastelege frodige
det forunderlege snodige!
Det som skal ta nattesøvnen frå deg.
Det som gjer at livets storm kan nå deg.
Det som endevender deg og ditt.
Kunst er ikkje tidsfordriv!
Det er det som treffer nakne nervar,
slik at du kan sjå deg sjøl
du som er ein livredd, naken knøl
på visitt i denne vonde verda,
du som er eit under av ein skapning
på eit gjestespel i denne vakre verda,
denne vakre julidagen.

Her var det musikken spela
stilna av, tok fatt på ny!
Her var det vi song og skreiv.
Vinden bles og regnet dreiv.
Åra gjekk og tider skifte.
Alt er annleis, her er vi,
vi som kom i rette tid.
Høyr musikken, den som spelar
opp for oss, for oss på ny.
Høyr, for snart begynner jazzen,
her på Plassen, Gørvell-plassen.


Edvard Hoem