Meld deg på/av vårt nyhetsbrev.

Velg nærmeste spillested

  • Aukra
  • Aure
  • Averøy
  • Brattvåg
  • Herøy
  • Kristiansund
  • Molde
  • Nordfjoreid
  • Sandøy
  • Sjøholt
  • Skodje
  • Smøla
  • Stranda
  • Sunndalsøra
  • Surnadal
  • Sykkylven
  • Tingvoll
  • Ulsteinvik
  • Valldal
  • Vanylven
  • Vestnes
  • Ørsta
  • Ålesund
  • Åndalsnes

 
 
 
 
 
Platform shift
 
Platform shift
 
 


Last ned bildet i full størrelse: IMG_3826.jpg

Eg tenkjer på Sara Fellman!

Vi har utfordra publikum til å anmelde framsyninga "Liv Strömquist tenker på deg", og Christel Siem ho tenkjer på Sara Fellman.

Eg tenkjer på Sara Fellman!

CHRISTEL SIEM.jpg

Ho er ei av tre skodespelarar i stykket Liv Strömquist tenker på deg. Sara Fellmann deler scena med Heiki Eero Riipinen og Line Brå Johansen. Gode skodespelarar det og, men eg gjekk ut frå Storyville med ei sterk kjensle av at Sara Fellmann får vi sjå og høyre meir til!

Vi blir introdusert for mange karakterar i dette stykket. Whitney Houston, Britney Spears og Yoko Ono. Men og norske Louise Angelica Riise. Eg likte godt leiken med kjønnsrollene i desse presentasjonane. Kvinnene spela menn og Riipinen imponerte som Houston! Manusforfattar Liv Strömquist leikar og fantaserar om dei ulike kjendisane sine kjærleiksliv. Det kjem også tydeleg fram at ho er feminist. Det blir understreka meir enn ein gong at vi kvinner ikkje må ofre oss for mennene. I stykket blir vi fortald at både Whitney Houston, Priscilla Presley og Louise Angelica Riise har gjort akkurat det. Og dermed då også missta viktige delar av seg sjølv.

Strömquist er ei av Sveriges mest etablerte teikeserieskaparar. Eg likte veldig godt scenografien, kvadratisk som ei teikneserierute. To dører. Eitt langbord med nokre stolar. To kister med kostymer for å gestalte skiftet i persongalleriet.

Dette er eit bra teaterstykke som fekk meg til å skratte, skvette, bli trist, forbanna og glad. Liv Strömquist har gjort meg nysgjerrig. På kjæreiksrelasjonar, på teikneseriane hennar, på meir teater. Og i Teatret Vårt sin versjon, på Sara Fellmann!


Christel Siem 37 år, kulturprosjektleiar Gjerdsetbygda.