Meld deg på/av vårt nyhetsbrev.

Velg nærmeste spillested

  • Aukra
  • Aure
  • Averøy
  • Brattvåg
  • Herøy
  • Kristiansund
  • Molde
  • Nordfjoreid
  • Sandøy
  • Sjøholt
  • Skodje
  • Smøla
  • Stranda
  • Sunndalsøra
  • Surnadal
  • Sykkylven
  • Tingvoll
  • Ulsteinvik
  • Valldal
  • Vanylven
  • Vestnes
  • Ørsta
  • Ålesund
  • Åndalsnes

 
 
 
 
 
Platform shift
 
Platform shift
 
 

Eventyrleg premiere

Ein fullsatt sal, ståande applaus og fantastiske kritikkar etter premieren på "Det merkelege som hende med hunden den natta".

Nokre gonger er det ekstra spanande før ein premiere, ein tenkjer at ein har noko spesielt, noko utanom det vanlege. Premieren på "Det merkelege som hende med hunden den natta" var ein slik kveld. Vi visste vi hadde ei nydeleg og rørande historie, eit sterkt og samspelt ensemble, ein spanande og nyskapande scenografi og ikkje minst, ein utruleg hovudrolleinnehavar Axel Gehrken Bøym.  Men ville publikum tenkje det same?

Premieren ble spelt framom ein fullsatt  teatersal og vart avslutta til ståanda applaus, og etter forestillinga kunne ein høyre eit særs fornøyd publikum. Og anmeldarene var av samme oppfatning.

"Mesterlige Axel på teaterscenen. En ny teaterstjerne har meldt sin ankomst". Svein Rune Nyland i Romsdals Budstikke

"En sprekt ensemble understøtter den unge debutanten. Nina Andreassen blottlegger sin sårbarhet som mor. Hun forstår ikke sin sønn og takler ikke å leve med han, samtidig som hun hater å leve uten han. Hun har vanskelig for å tilgi seg sjøl sin egen svakhet og formidler det med subtilitet og varme. God er også veteran Lars Sørbø, spesielt som litt brautende og barsk politimann. Jeg likte dessuten Nasrin Khusrawi som læreren Shioban. Hun er historiens lim som supplerer historien med Christophers tanker fra boka han er i ferd med å skrive. Det er en spenstig dramaturgisk vri." Svein Rune Nyland i Romsdals budstikke

 "Bøyum er berre 19 år gamal og har inga formell teaterutdanning, men gjer her ein scenedebut det vil gå gjetord om i lang tid framover. Ei særs krevjande rolle med uendeleg mye tekst blir formidla så intenst, levande, sjarmerande og profesjonelt at her snakkar vi om eit skodespelartalent av dei heilt sjeldne". Amund Grimstad i Klassekampen

Les dei gode kritikkane her

Romsdals Budstikke

Klassekampen