Meld deg på/av vårt nyhetsbrev.

Velg nærmeste spillested

  • Aukra
  • Aure
  • Averøy
  • Brattvåg
  • Herøy
  • Kristiansund
  • Molde
  • Nordfjoreid
  • Sandøy
  • Sjøholt
  • Skodje
  • Smøla
  • Stranda
  • Sunndalsøra
  • Surnadal
  • Sykkylven
  • Tingvoll
  • Ulsteinvik
  • Valldal
  • Vanylven
  • Vestnes
  • Ørsta
  • Ålesund
  • Åndalsnes

 
 
 
 
 
Platform shift
 
Platform shift
 
 

Pusterom - teater på sitt beste!

"Pusterom fekk meg verkeleg til å gruble over ting eg aldri har tenkt på før. Det er teater på sitt beste!", seier Synnøve Berg Mesingset (18) etter å ha sett framsyniga, "Det er teater på sitt beste". Les heile hennar omtale av Pusterom.

Synnøve Berg Meisingset (18) er elev ved Molde vgs. og er ein hyppig brukar av Plassen sitt bibliotek, kunst-, musikk-, og teatertilbod!

synnøve.jpg

"Eg trur på det å stille spørsmål, og ikkje blindt akseptere”, blei det sagt tidleg i teaterstykket Pusterom. Akkurat denne tanken var gjennomgåande i heile førestillinga.

Det unge paret i stykket tar inn over seg mykje av elendet i verda: kutting av regnskog, CO2-utslepp, krigar og grådigheit. Ein kan bli nedstemt av mindre. Likevel blir slike alvorlege tema kombinert med ein god dose humor. Tematikken og dei to skodespelarane si evne til å overtyde gjorde meg både rørt, glad og til tider trist. Og kanskje viktigare enn mykje anna: Pusterom fekk meg verkeleg til å   gruble over ting eg aldri har tenkt på før. Det er teater på sitt beste!"


Synnøve Berg Meisingset.