Meld deg på/av vårt nyhetsbrev.

Velg nærmeste spillested

  • Aukra
  • Aure
  • Averøy
  • Brattvåg
  • Herøy
  • Kristiansund
  • Molde
  • Nordfjoreid
  • Sandøy
  • Sjøholt
  • Skodje
  • Smøla
  • Stranda
  • Sunndalsøra
  • Surnadal
  • Sykkylven
  • Tingvoll
  • Ulsteinvik
  • Valldal
  • Vanylven
  • Vestnes
  • Ørsta
  • Ålesund
  • Åndalsnes

 
 
 
 
 
Platform shift
 
Platform shift
 
 


Last ned bildet i full størrelse: IMG_2008.jpg


Last ned bildet i full størrelse: iStock_000004792809Large.jpg


Last ned bildet i full størrelse: iStock_000006943846Large.jpg


Last ned bildet i full størrelse: iStock_000010080436Large.jpg


Last ned bildet i full størrelse: iStock_000010472992XLarge.jpg


Last ned bildet i full størrelse: iStock_000012720266Large (1).jpg


Last ned bildet i full størrelse: Mactastatur.jpg

Skriv for scena konkurranse

Drøymer du om å skrive tekst for scena, og sitje i salen og sjå profesjonelle skodespelarar framføre din tekst? No har du sjansen til det. Bli med på tekstkonkurranse der premien er ei scenisk framføring av heile eller delar av teksten din.


Temaet er «Ungt blikk på verda».

Skriv eigne tekstar om eige liv – korleis er det å være ung?  
Kva blikk har du på ting som skjer i verda? Det kan være nært og personleg - eller fjernt. 
Du kan skrive dokumentar eller absurd fiksjon - monolog eller dialog – tragedie eller komedie.


Leik deg gjerne med undertekst:
"Det er ikkje det du seier, men korleis du seier det...."  Undertekst er det du eigentleg meiner eller tenkjer når du seier noko. Betydninga visas i situasjonen, tonefall og kroppsspråk. Underteksten sitt innhald kan stå i direkte strid med betydninga av teksten. For eksempel er det mogleg å seie "eg elskar deg" på ein slik måte at det oppfattas som "eg hatar deg".

Teksten skal passe for scenisk framføring. Det kan være:
Dramatikk: manus for teater. Her kan du sjå manuset til LILLA av Jon Fosse.
Poesi: dikt. 
Songtekster: - og du kan gjerne sette musikk til om du vil. 
Collage: friare form der ulike tekstdeler er samanstilt til å danne ei heilheit.
Teksten kan være på nynorsk, bokmål eller dialekt.

Reglar
Konkurransen er open for ungdom mellom 13 og 20 år.
Kvar person kan berre bidra med ein tekst.
Det blir kåra 5 vinnarar i løpet av desember 2013.
Juryen vil bestå av representantar frå Teatret Vårt, Bjørnsonfestivalen, Språkåret 2013 og Ivar Aasen-tunet.
Innsendingsfrist: 15. november 2013. Send inn ditt bidrag her.

Premiar
Heile eller delar av vinnartekstane vil bli framført ved Teatret Vårt torsdag 13. februar 2014.
Vinnartekstene blir publisert på nett.
Vinnarane får billettar til Teatret Vårt slik at dei kan ta med seg familie, venner og klassen sin på vinnararrangementet torsdag 13. februar på Teatret Vårt.


P.S. Du kan også delta i bilde- og filmkonkurranse, sjå meir informasjon om Vis ditt uttrykk #idreamtlilla her .

Vi inviterer til tekstkonkurranse i samband med ungdomsframsyninga «Lilla» av Jon Fosse, som er årets ungdomsframsyning på Teatret Vårt. Framsyninga skal på turné i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Konkurransen er eit samarbeid mellom Teatret Vårt, Bjørnsonfestivalen, Språkåret 2013 og Ivar Aasen-tunet. 

                

 

 

 

 

 



 

For lærarar:

 

 

 

  

 

Kurs for lærarar: Skriv for scena  
28. august, kl. 10:30 – 16:00 på Plassen, Molde. Premiere på LILLA av Jon Fosse på Teatret Vårt, Plassen kl. 19:30 samme dag.
Kurs i tekstskriving med fokus på dramaturgi i samband med tekstkonkurransen «Skriv for scena».
Kurshaldar Tale Næss er dramatiker og forfattar. Ho er Cand. Philol i filmvitenskap og er dramaturg ved Hålogaland Teater.

Målgruppa er lærarar i ungdomsskole og vidaregåande skole eller andre interesserte.
Pris per pers.: 200,- Max 18 deltakarar.
Påmelding: rolf@bjornsonfestivalen.no


I regi av Bjørnsonfestivalen. 

 

 


Tekstkonkurransen kan sjåast i samanheng med aktuelle læreplaner, her er nokre eksempel frå kompetansemål i læreplanen. For samansette tekstar og enkelte andre punkt jamfør også bilde- og filmkonkurranse.

Norsk læreplan ungdomsskole:

Skriftlege tekstar;
·         Lese og skrive tekstar i ulike sjangrar, deriblant dramatekst. 
·         Kjenne igjen språklege verkemidlane humor, ironi, kontraster, samanlikningar, symbol og språklege bilde og bruke dei i eigne tekstar. 
·         Utrykke seg presist og med et variert og nyanser ordforråd i ulike typar tekstar. 
·         Vise korleis tekstar i ulike sjangrar kan byggas opp på ulike måtar.

Samansette tekstar;
·         Bruke ulike media, kjelder og estetiske verkemiddel i samansette tekster henta frå informasjon- og underhaldningsmedia, reklame og kunst og reflektere over korleis vi påverkas av lyd, språk og bilde.  

Norsk læreplan vidaregåande skole:

Vg1: Skriftlege tekster; 
·         Drøfte innhald, form og formål i eit representativt utval av samtidstekster. 
·         Gjer greie for eit breitt register av språklege verkemiddel og forklare kva funksjon dei har. 
·         Bruke eit breitt register av språklige verkemiddel i eiga skriving.

Samansette tekstar;
·         Kombinere munnlege, skriftlige, visuelle og auditive uttrykksformer i framføringar og presentasjonar.

Vg2 Skriftlege tekstar; 
·         Analysere tekstar i ulike sjangrar for å kunne ta stilling til spørsmål tekstane tar opp og verdiar dei representerer. 
·         Skrive essay, litterære tolkingar og andre resonnerande tekster. Med utgangpunkt i litterære tekstar og norsk tekst og språkhistorie.

Samansette tekstar;
·         Analysere og vurdere ulike sjangrar i tekstar henta frå TV, film og internett. 
·         Bruke ulike media for å tolke og presentere tekstar frå ulike tider. 
·         Vurdere bruk av estetisk verkemiddel i ulike media.

Vg3 Skriftlege tekstar; 
·         Lese og tolke eksperimenterande og modernistiske tekstar og bruke disse som utganspunkt for eigen tekstproduksjon. 
·         Beherske formverk og tekstbinding. 
·         Bruke kunnskap om tekst, sjanger og litterære verkemiddel i eigen skjønliterær skriving.

Vg. Påbygging; Skriftlege tekstar;
·         Bruke kunnskap om tekst, sjanger og litterære verkemiddel i eiga skjønnlitterær skriving. 
·         Beskrive utviklinga av eigne tekstar.

Samansette tekstar;
·         Vurdere bruk av estetiske verkemiddel i ulike media. 
·         Bruke ulike media for å tolke og presentere tekstar frå ulike tider.