Meld deg på/av vårt nyhetsbrev.

Velg nærmeste spillested

  • Aukra
  • Aure
  • Averøy
  • Brattvåg
  • Herøy
  • Kristiansund
  • Molde
  • Nordfjoreid
  • Sandøy
  • Sjøholt
  • Skodje
  • Smøla
  • Stranda
  • Sunndalsøra
  • Surnadal
  • Sykkylven
  • Tingvoll
  • Ulsteinvik
  • Valldal
  • Vanylven
  • Vestnes
  • Ørsta
  • Ålesund
  • Åndalsnes

 
 
 
 
 
Platform shift
 
Platform shift
 
 


Last ned bildet i full størrelse: O01A0171.jpg

Teatret Vårt treff publikum heime

Interessa for framsyning «Det merkelege som hende med hunden den natta» har vore enorm. Framsyninga har spela for stort sett fulle hus sidan premieren.

​Så langt har 1500 publikumarar sett framsyninga i Molde. I tillegg er førehandssalet på komande framsyningar på over 2800 billetter, inkludert ca. 1680 billetter til skoleframsyningar på dagtid i Molde og Ålesund.

«Det merkelege som hende med hunden den natta» byggjer på bestselgaren av Mark Haddon. Boka er elska av folk i alle aldrar, og dramatiseringa av Simon Stephens vart ein stor suksess i London kor den framleis blir spela for fulle hus. No sett Teatret Vårt opp stykket i si eiga utgåve og spelar teksten som Jon Fosse så vakkert har oversett til nynorsk.

Pressen har gitt framsyninga gode kritikkar der varmen i dei personlege relasjonane er trekt fram. Framsyninga har mange sterke skodespelarprestasjonar og særleg Axel Gehrken Bøyum (kjent frå tv-serien «Øyenvitne») har fått store lovord: "Bøyum er berre 19 år gamal og har inga formell teaterutdanning, men gjer her ein scenedebut det vil gå gjetord om i lang tid framover. Ei særs krevjande rolle med uendeleg mye tekst blir formidla så intenst, levande, sjarmerande og profesjonelt at her snakkar vi om eit skodespelartalent av dei heilt sjeldne"(Amund Grimstad i Klassekampen). Romsdals Budstikke ga terningkast seks i sin kritikk av framsyninga.

Førehandssalet på turne er varierande, men salsleiar ved Teatret Vårt Solveig Mordal Vågen har stor tro på at denne framsyninga blir godt besøkt også rundt om i fylket. Første turnéstad på Sunnmøre er Parken kulturhus i Ålesund, der «Det merkelege som hende med hunden den natta» spelar både laurdag og søndag førstkomande helg. Deretter får både Ørsta kulturhus, ID-huset i Brattvåg, Storfjord kulturhus, Fosnavåg konserthus og Sjøborg kulturhus besøk av Teatret Vårt i løpet av februar og mars.

​Speleplan