Meld deg på/av vårt nyhetsbrev.

Velg nærmeste spillested

  • Aukra
  • Aure
  • Averøy
  • Brattvåg
  • Herøy
  • Kristiansund
  • Molde
  • Nordfjoreid
  • Sandøy
  • Sjøholt
  • Skodje
  • Smøla
  • Stranda
  • Sunndalsøra
  • Surnadal
  • Sykkylven
  • Tingvoll
  • Ulsteinvik
  • Valldal
  • Vanylven
  • Vestnes
  • Ørsta
  • Ålesund
  • Åndalsnes

 
 
 
 
 
Platform shift
 
Platform shift
 
 

Last ned bildet i full størrelse: Nett-O01A0171.jpg

Last ned bildet i full størrelse: Nett-O01A0122B.jpg

Last ned bildet i full størrelse: Nett-IMG_1265.jpg

Last ned bildet i full størrelse: Nett-IMG_1206B.jpg

Last ned bildet i full størrelse: Nett-IMG_0977.jpg

Last ned bildet i full størrelse: Nett-IMG_0903B.jpg

Last ned bildet i full størrelse: Nett-IMG_0898B.jpg

 Foto: Arild Moen
Last ned bildet i full størrelse: Plakat Det merkelege som hende med hunden den natta liggende.jpg

Det merkelege som hende med hunden den natta

 
 

I denne vakre og gripande forteljinga følgjer vi Christopher på 15 år. Han likar matematikk og astrofysikk, men toler ikkje at folk tek på han, ikkje forstår han metaforar  og ikkje kan han lyge. Han veit namnet på alle hovudstadar i verda og kan alle primtal opp til 7507. Han likar nesten dyr betre enn menneske, dei lyg aldri. Då han finn nabohunden Wellington brutalt drepen med ein høygaffel, bestemmer han seg for å finne ut kven mordaren er.

Dette blir det første steget på ei oppdagingsreise som inneheld meir enn jakta på kven som drap Wellington. Under etterforskinga blir han kjend med naboane og oppdagar utrulege ting om folk han trudde han kjente. Men det han finn ut om sin eigen familie er det mest merkelege…

Bestselgaren av Mark Haddon er elska av folk i alle aldrar, og dramatiseringa av Simon Stephens vart ein stor suksess i London kor den framleis blir spela for fulle hus. No sett Teatret Vårt opp stykket i si eiga utgåve og spelar teksten som Jon Fosse så vakkert har oversett til nynorsk.  I hovudrolla som  «Christopher» presenterer vi Axel Gehrken Bøyum, kjent frå NRK-serien «Øyevitne».

Med eit stort ensemble og eit moderne teaterspråk vert det fortald ei historie om mot og sanning, og om å finne seg sjølv i ei vaksen verd.

 
 
  • Av:  Simon Stephens, fritt etter Mark Haddon sin roman
  • Omsetjing:  Jon Fosse
  • Regi og bearbeiding:  Trond Lie
  • Språkkonsulent:  Gunhild Kvangarsnes
  • Lysdesign:  Jonas P A Fuglseth
  • Scenografi:  Thomas Bjørnager
  • Scenografiassistent og illustratør:  Mari Watn
  • Medverkande:  Axel Gehrken Bøyum, Nasrin Khusrawi, Bjørnar Lisether Teigen, Nina Andreassen, Anne E. Kokkinn, Lars Sørbø, Vivi Sunde, Hugo Mikal Skår
  • Speletid:  2 timar (inkl. pause)