Torsdag 8.juli kl 22.00 har Lærlingan premiere på sin musikalske sommarkabaret "Heit sommer". Sommarleg musikk? Rock'n roll? Balladar? Balkan? Jazz? Pop? Litt dans? Søte historier om forelsking? Fundering rundt "kva sommar betyr for meg"? Joda, det blir dette - og meire til! Og før på kvelden har Quality Alexandra Hotel invitert på ein tapasbuffet. Dei to laurdagskveldane blir det også matine kl 17.00. Då kan ein eventuelt avslutte ettermiddagen med eit hyggeleg måltid i restauranten.
"Heit sommer" Lærlingan har i fleire år hatt lyst til å lage ein musikalsk sommarkabaret. Blant godlåtene du kan glede deg til er "The heat is on" (å joda, du har nok høyrd den), "I can't dance", "Isn't she lovely" og "It don't mean a thing". I eit samarbeid mellom Quality Alexandra Hotel kan vi tilby ein heilaften der hygge står som overskrift. Først tapasbuffet, så musikalsk kabaret. Eller du kan velge bort det eine, eller det andre. Kunstnerisk ansvarleg for Heit sommer og primus motor for Lærlingan er Rolf Magnus Orø.
Kven er Lærlingan? Lærlingan har etterkvart blitt eit kjent fenomen for veldig mange, både for publkum som er fastbuande i Molde og tilreisande. Lærlingan har nemleg opptrådt på ei lang rekkje arrangement på og utanfor Teatret Vårt. Mange tilreisande konferansedeltakarar har blitt kjend med byens talentfulle ungdommar nettopp gjennom Lærlingan, ferske studentar på Høgskolen har i fleire år blitt hilst velkomen av Lærlingan, konfirmantar har fått understreka høgtida på sin store dag med toner frå Lærlingan osv. Lærlingan har delteke i eller rundt ulike produksjonar og ikkje minst opptrådt, med stort hell, på ei lang rekkje konferansar og andre hendingar. Ikkje minst har alle vore sentrale i dei populære konsertane ”Før dei stikk frå byen” og ”Medan dei er heime”. Desse konsertane har hausta mange godord. (Bilda av dei aktuelle aktørane er tatt på tidlegare "Medan dei er heime"-konsertar. Foto Karl Bugge). (Nesten) alle Lærlingan har til felles at dei enten er, eller har vore elevar ved musikklina på Molde videregående skole. Fleire har hatt hovudrollar i musikalane HAIR eller West Side Story når Molde videregående skole laga sine suksessframsyningar. Nokre er kjende frå gruppa Red Hot som også har sitt utspring frå Molde videregående skole. Alle har musikkutdanning (nokre er ferdig utdanna frå konservartorium, medan nokre framleis er elevar ved Molde vgs).
Pris for framsyning kr. 150. Totalpris med mat kr. 325. Bordreservasjon for middagsgjester, send epost til: q.alexandra@choice.no Gje beskjed om antal.