Skodespelarar/dokkespelarar: Gøril Haukebø, Valborg Frøysnes, Hugo Mikal Skår, Ivar Furre Aam, Per Emil Grimstad
Regi: Knut Alfsen Scenografi: Thomas Bjørnager Dokkedesign/dokkemakar: Agnes Schou Lysdesign: Finn Landsperg Musikk: Ingebrigt Davik, Kjell Krande og Peter Baden Musikk produsert og arrangert av Peter Baden Musikkansvarlig: Atle Halstensen Videodesign: Magnar Mork
Ein barneteaterklassikar frå Møre og Romsdal, for første gang som figurteater Fram og tilbake. Fram og tilbake: Kom og bli med oss til Fiskeland! Vi hoppar i båten og dreg i frå land.
Vi set oss på tofta og ror og ror, Og snart er vi der kor fisken bor.
Flyndrefanten legg ut på ei farefull reise for å fri Flyndrefrøken Fine som er teken til fange i Krabbeslottet. Krabbe Krølle har teke makta i Taremareby og truar alle med det dødbringande våpenet Tarefela. Bli med til den fantastiske undersjøiske verda til Ingebrigt Davik og opplev igjen dei kjende og kjære songane i ein magisk figurteatermusikal.
Framsyninga har premiere 12. november 2009 i Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg.