Meld deg på/av vårt nyhetsbrev.

Velg nærmeste spillested

  • Aukra
  • Aure
  • Averøy
  • Brattvåg
  • Herøy
  • Kristiansund
  • Molde
  • Nordfjoreid
  • Sandøy
  • Sjøholt
  • Skodje
  • Smøla
  • Stranda
  • Sunndalsøra
  • Surnadal
  • Sykkylven
  • Tingvoll
  • Ulsteinvik
  • Valldal
  • Vanylven
  • Vestnes
  • Ørsta
  • Ålesund
  • Åndalsnes

 
 
 
 
 
Platform shift
 
Platform shift
 
 

 Foto: Erik Berg
Last ned bildet i full størrelse: kan nokon gripe inn.jpg

Kan nokon gripe inn

Basert på Stein Torleif Bjellas musikk og tekstar

Kjøp Billett
 
 

Etter suksessen med Bikubesong, tar Lasse Kolsrud for seg Stein Torleif Bjellas musikk.

Vi er på ein stasjon ein stad på bygda. Dei fleste tog dundrar forbi, men det er framleis liv i bygninga som har sett sine beste dagar. Hit kjem dei som vil reise vekk, som vil sleppe frå, som lengtar etter at kjærasten skal kome, som søker kontakt – eller som berre vil at nokon skal gripe inn.

Stein Torleif Bjellas karakterar og musikk dannar grunnlaget for framsyninga Kan nokon gripe inn. Lasse Kolsrud har skrive manus og har regi. Han har tidlegare, med stor suksess, skapt forteljingar om vanlege folks liv frå vanlege bygde- og småbysamfunn. I Bikubesong (av Frode Grytten, dramatisert av Lasse Kolsrud) følgde vi familiane i ei blokk i sentrum av Odda. I Sånne som oss (av Frode Grytten/DNS) fekk vi innblikk i tre generasjonar innbyggjarar i forstaden Loddefjord utanfor Bergen. I Bikubesong var det The Smiths som lydla scenerommet. John Olav Nilsen og gjengen var tonefølgjet i Sånne som oss. Denne gongen har Lasse Kolsrud fridd til ein av notidas aller fremste visekunstnarar.

Stein Torleif Bjella har sett ord og musikk til mange lagnader i distrikts-Noreg. Sjølv har han vendt tilbake til heimbygda Ål etter nokre år i hovudstaden. Her har han for alvor slått gjennom med songar om den norske bygdesjela. Dei handlar om vanlege folk, som alle strir med sitt, og som fåmælt og famlande prøver å finne ein plass – i kjærleiken og i verda. Det er motbakkar, små og store kriser, det er umogleg kjærleik og det er lange etableringsfasar.

Pressa meiner:

"stopper livet ditt i 90 minutter" 
Aftenposten (6)

"en aldeles nydelig forestilling" 
Adresseavisa (6)

"Rått og sårt med Bjella-musikk" 
VG (5)

"Bygdeblues og hverdagsdrama "
Dagbladet (5)

"Stor underholdning" 
Dagsavisen (5)


  • Regissør:  Lasse Kolsrud
  • Scenograf:  Siri Langdalen
  • Lysdesigner:  Torkil Skjærven
  • Lyddesigner:  Jostein Reistad
  • Koreograf:  Belinda Braza
  • På scenen:  Kjersti Dalseide, Pål Christian Eggen, Hallvard Holmen, Lasse Kolsrud, Hildegun Riise, Hans Rønningen, Hallgrim Bratberg, Kay Werner Hartvigsen, Erik Holm, Nils Jansen og Marius Reksjø.
 
    • Dato
    • Tid
    • Forestilling
    • Sted
    • Spillested
    • Billetter
  • 26. okt.
    torsdag
    19:00
    Kan nokon gripe inn
    Molde
    Teatret Vårt
     
    Hvem som setter opp forestillingen.
    • RegissørLasse Kolsrud
    • ScenografSiri Langdalen
    • LysdesignerTorkil Skjærven
    • LyddesignerJostein Reistad
    • KoreografBelinda Braza
    • På scenenKjersti Dalseide, Pål Christian Eggen, Hallvard Holmen, Lasse Kolsrud, Hildegun Riise, Hans Rønningen, Hallgrim Bratberg, Kay Werner Hartvigsen, Erik Holm, Nils Jansen og Marius Reksjø.

    Etter suksessen med Bikubesong, tar Lasse Kolsrud for seg Stein Torleif Bjellas musikk.

     
    Lukk