Ei reise i et ekteskap
Kva er eit ekteskap? Paret i Bergmans drama trur dei veit det - dei går raskt inn i det; det kjennest rett, fint. Det vert trygt - ein heim. Men dei finn seg etterkvart fanga i sine eigne og ytre forventingar og krav til kva eit ekteskap er, slitne mellom plikter og ansvar, tru og tvil. Er det rom for den ein eigentleg er i eit ekteskap? Kvar hamnar løyndommar og lengt over tid? Og korleis kommuniserer ein når ein trur ein kjenner den andre like godt som seg sjølv, eller om ein aldri eigentleg har kjend kvarandre?

Skodespelarane gjer ein fantastisk jobb med å gestalta desse to sjelene som rotar det til, finn og mistar kvarandre, igjen og igjen. Til tider så engasjerande at det er vanskeleg å ikkje hiva innpå sin eigen kommentar. 

Dersom ein verkeleg skulle teke dei inn i vår tid, ville dei nok gått til familievernkontoret, og det felles ansvaret for ungane ville nok hatt ei større rolle. Men samstundes er dette eit godt høve til å prøva å forstå kvifor nokon i eit forhold får behovet for å berre koma seg vekk. Kan henda kjenner båe to det slik, men den eine må bli att med det ein har bygt opp, med pliktene og ansvaret. Kven blir det? Eller må det enda slik? Kva tid endar det eigentleg? Og kva har ein då fylt ekteskapet med? Kva er det som bind oss saman? Finst det ventilar om ein får oksygenmangel?

Unn.jpg
Unn Catodotter Fyllingsnes

Teatret Vårts oppsetjing vekslar mellom attkjennelege og oppdaterte scener og nokre dialogar som verkar sjablongaktige og utdaterte. Men samspelet gjer at eg tenkjer at det er noko der; at det like gjerne kan vera mine eigne oppfatningar som treng å få brynt seg. Denne reisa sit i meg lenge etter.

 

 

Unn Catodotter Fyllingsnes (39) har bakgrunn som skodespelar, er skribent og dagleg leiar i Tingvoll Økopark. Gifta seg i 2011, to ungar.