Edvard Hoem si bok Slåttekar i himmelen har fått strålande kritikkar, har blitt seld i store opplag og skal og bli gitt ut i USA. No skal Det Norske Teatret og Teatret Vårt saman dramatisere historia som så skal spelast for publikum i Oslo og Møre og Romsdal. 

Den historiske forteljinga om slåttekaren treffer ein viktig livsnerve som menneske til alle tider har måtta møte; livskraft, mot, tvil og håp. Derfor opplever vi historia som aktuell også i dag. 

På leit etter historia 
Å bli kjend med historia og skape eit truverdig univers skjer ikkje av seg sjølv: Det Norske Teatret har tatt turen til Teatret Vårt og Molde. Her skal dei finne den beste staden for plakatfoto , og skodespelarar og stab skal få sjå og lære om staden der den opphavelege historia fann stad. 

Location, location, location 
Staden som er vald er ved paviljongen i Reknesparken. Bak oss ligg Romsdalsmuseet med gamle hus og uthus; dei set stemninga. Framfor oss ligg Moldefjorden med Romsdalsalpane som bakteppe. Heilt fersk nysnø ligg på fjelltoppane. Himmelen er blå med spreidde skyar på veg inn. Lyset leikar med storslåtte kulisser. Betre stad for akkurat denne fotoseansen finst ikkje. Skodespelarane gjer seg klare i garderobane inne på teateret. Eit ekstra lag med ull under kostyma må til. 

Smashing utan sminke 
Heidi Gjermundsen Broch gjer seg klar til fotografering og lurer på om det trengst sminke. Nei – du er da heilt smashing som du er! synest Ingrid Nylander som er kostyme- og sminkeansvarleg på settet. Jon Bleiklie Devik og Bjørnar Lisether Teigen er komne i kostyma og har funne ut at dei moglegvis har brukt same garderobe på skift på Den Nasjonale Scene i Bergen ein gong i tida. Bjørnar bur i Molde og Jon har vore mange somrar hos besteforeldre i der. Sara Fellman har budd fire år i rosenes by og har gjort den til sin. Heidi Gjermundsen Broch har også tilknyting til byen; ho spelte “Jenta” i samproduksjonen Vakkert (Jon Fosse) som Det Norske Teatret og Teatret Vårt sette opp i 2001.  

Fortida i notida 
Skodespelarane  er omgjevne av fotograf, presse, tilsette frå kostyme- og marknadsavdelingane frå begge teatera. Litt sånn “Beforeigners”- aktig stemning (TV-serien der menneske frå fortida plutseleg dukkar opp i notida), meiner nokon.  –Med skodespelarane iført historiske kostyme midt i alt det andre er det akkurat slik – ei verd møter ei anna. Det går eit historisk sus med vinden mellom trea i Reknesparken. Kanskje stod også Nesje sjølv akkurat her og såg på denne utsikta. Dei same fjella. Den same fjorden. 

Gamleløa og ein torvspade 
Historia som skal bli teaterframsyning hende nettopp her. Nesje gjekk opp desse bakkane. Etter år som enkemann treffer han Serianna nede ved bryggja der Molde no byggjer sin nye sjøfront med promenade. Lokalhistorikar Ola Gjendem er hyra inn for å ta oss med på vandring på Nesjes gamle tufter. Han fortel om bymiljøet - om Gørvellgården der Nesje var slåttekar, om Humlehaven til Louise Dahl  - som det gjekk gjetord om verda over - og viser oss tuftene til småbruket til Nesje der løa enno står. Her var vaskekjellaren, der på veggen til gamleløa heng ein torvspade lik den Nesje brukte når han spadde torv. 

Kåre og Sigdis Lange som bur på eigedomen i dag inviterer oss – heile gjengen -  inn gjennom sitt hus og ut på terrassen – slik at vi kan få sjå same utsikta som Nesje hadde frå trammen sin. Romsdalsalpane er like slåande vakre no som då.  

Vassgraut? Havregraut? Slåttegraut? 
I lunsjen blir matstellet til Nesje og hans samtidige diskutert. Vassgraut. Havregraut. Slåttegraut. Lefse. Ball. Dei som drog over Atlanteren hadde med seg raspeball som niste. Når den vart mygla måtte dei skrape vekk muggelet før dei åt... 

Teatersjef ved Teatret Vårt Kristian Lykkeslet Strømskag er dramaturg for Slåttekar i himmelen. Det vil seie at han omarbeider teksten frå Edvard Hoem si bok om til manus. Kristian har vakse opp to hus ifrå løa til Nesje oppe i Moldelia.  

Tjukk L? Lang eller kort? 
Kristian arbeider tett med skodespelarane også om sjølve språkarbeidet: Samtalen med skodespelarane handlar om korleis Edvart Hoem bruker nynorsken både i skrift og når han sjølv les sine eigne bøker. Framsyninga skal spelast på nynorsk med romsdalsk klangbotn. Skodespelarane testar ut dei ulike lydane: Det skal vel vere tjukk L? Lang eller kort?  - og enkelte konsonantar skal kuttast i slutten av ord? …. og tonefallet - korleis skal det vere? 

Urpremieren er 7.mars 2020 på Det Norske Teatret.
På turné med Teatret Vårt i Møre og Romsdal hausten 2020.