I kveld har vi sett eit medrivande, magisk eventyr! Erlend (7) synest det var på grensa til for skummelt, men han og eg var einige om at det også var bra at barn fekk sjå slikt alvor. Tarjei (9) synest svært engasjert i sverdet til Mio og kampen mot det onde. Han har lytta konsentrert til historia då vi las ho heime, og synest dette var verd å få med seg på teater også. Med seg hadde dei familiens ven Ståle Aklestad og mor si (u.t.). Eg trur kanskje eg las denne boka åtte gonger som barn. Eg kan fortsatt hugse kjensla av første møte med Miramis, som om det var mitt eige barndomsminne.

Ein time i eit anna univers: Ei stund trur eg vi alle fire lurte på om vi faktisk var med Bo Vilhelm Olson på hans reise til Landet i det fjerne, for å treffe far hans og redde forheksa barn tilbake til barndommen deira, frå fæle ridder Cato. I løpet av timen på teateret blei vi fullstendig involvert i Lindgrens univers, det skjedde så mykje på scena at heile barnepublikummet ofte vart heilt stille og dei er som kjend ein ærleg gjeng. På uventa vis vart vi bevega, ikkje berre ved hjelp av scenene der framfor oss, men i samspelet mellom oss og skodespelarane. Vi blei rive med av lysbruk, mystisk sang, sølvpopler, fangehol, skumle borger, ein grusom ridder Cato, ein hest som kan fly og ein svært, svært truverdig Mio og medhjelpar Jum Jum, alt dette iscenesatt av tre påkopla skodespelarar på scena. Slik kan du ikkje sjå historia på film eller lese den i ei bok, berre i teaterets form var det som skjedde mogleg (utan å avsløre heilt kva det var, det må opplevast). Vi vart også bergtatt av scenografiens gjennomførte svart-kvite form med påskrifter frå originaltekst, der sceneskifta er som å bla i ei enorm bok, ei nydeleg helsing til språk, bøker og fortellingas kraft, kanskje?

Kven er eigentleg ridder Cato? I Teatret Vårt og regissør Hilde Brichmanns versjon kan fantasien gi mange svar på kva for mørkre vi såg utspele seg. Tapt barndom kan jo vere alt frå krig, til fosterheim til klimakrise, spør du meg, og slik syntes stykket relevant og viktig. 

Vi snakka også etterpå om kroppsbeherskinga til skodespelarane. Vi gløymde at skodespelartalentet Iver Innset eigentleg ikkje er Mio på ni år. Ridescenene på hesten Miramis er i seg sjølv verd timen på teateret. Korleis kan ein hest som kun er eit hovud bli heilt levande og få slik ein fart? 

Val regissøren har gjort knytta til barneperspektivet, rørte oss djupt. Det nådde inn til noko nesten ordlaust, knytta til barns eksistens. Det ville vore synd å ”spoile” kva for virkemiddel som berørte mest, da overraskinga i denne regien var ein del av det som gjorde det så vakkert og bra. Mio, min Mio er ein klassikar om eit malplassert, foreldrelaust barn, lenge før JK Rowling skreiv om Harry. 

Dette stykket går fint an å gå på utan å ha med seg barn. I publikum i dag mangla ei gruppe vi trur kan ha stor glede av historia, barn frå 10 år og oppover. Eg trur Astrid sjølv hadde nikka og smilt og sagt det var ei framsyning etter hennar hjerte. Vi håpar alle finn tid til å sjå så vakker kunst.