Eg visste ikkje du kunne danse

Interaktiv danseframsyning basert på folkemusikk og dans frå Romsdal.

Folkemusikar Britt Elise Skram og folkedansar Anna Liv S. Gjendem har samla inn musikk og dans frå Romsdal og skapt ei framsyning om å overvinne angsten for å dumme seg ut. Om å komme seg ut på golvet og gleda over å være med i dansen. Dei har motteke Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend for å utvikle denne framsyninga som no blir til i samarbeid med Teatret Vårt.

Dersom veggane i eit samfunnshus kunne fortelje ville vi få historier om flausar og om mot. Om barduse sats og hjertebank og byrjinga på eit heilt liv saman.

Vi gler oss til å by opp til dans i samfunnshuset i din kommune. Premiere 3. oktober Myra kulturhus, Vestnes.

Co-produksjon med Teatret Vårt og Britt Elise Skram og Anna Liv Skjelten Gjendem

Dramaturgi og regi
Elisabet Topp

Kunstnerisk konsulent
Cecilie Lundsholt

Musiker
Britt Elise Skram

Danser
Anna Liv Skjelten Gjendem

Lys
Jonas P. A. Fuglseth

Lyd
Jonas Høgseth