Eg har ikkje ord

Ein musikal om Ivar Aasen

Kor spennande kan ein musikal om Ivar Aasen vere? Meir enn du trur! Bak ordlistene og grammatikkens strenge reglar ligg eit dramatisk livsval. For Aasen handla ikkje språkarbeidet berre om bøyingar og pronomen – men om å gi opp kjærleiken for eit større mål.

Kva verdi har det å finne eit nytt ord for «eg elskar deg» om ingen seier det til deg? Kva er vitsen med å finne eit nytt ord for kjærleik, dersom du ikkje har nokon å gje kjærleik til?

Som ung tjueåring blei Ivar Aasen forelska og forlova seg, men han vart rådd til å gi slepp på kjærleiken for å vie seg til språkarbeidet. Det valet skulle forme resten av livet hans. Han enda opp einsam i ein sliten leilegheit i Christiania – rik på pengar, men fattig på kjærleik. 

I musikalen blir Aasens indre kamp og personlege tap levande for publikum. Musikken er inspirert av den store Great American Songbook-tradisjonen og byr på både kraftfulle songar og nære, sårbare scener der Aasens indre kamp kjem til syne. Med ein dynamikk som vekslar mellom song, dans og sterke følelsar, vert publikum trekt inn i både dei store scenene fulle av energi og dei personlege møta der lengsel, kjærleik og offeret kjem tett på.

I ei tid der «ta vare på deg sjølv først» er mantraet, utfordrar denne musikalen den moderne tanken. Kva er eigentleg viktigast – å realisere seg sjølv eller å ofre noko for andre? Med humor og tragedie vevd saman utforskar framsyninga korleis Aasen vann kongeriket, men betalte med si eiga lukke. 

Velkomen til ein musikal om å satse alt, vinne fram, men bomme på det viktigaste.  

Kjøp billett

Premiere 19. mars 2025

Manus og regi
Nils Petter Mørland

Komponist og musikkansvarleg
Håvard Gressum Antonsen

Scenograf og kostymedesignar
Dagny Drage Kleiva

Koreograf 
Stian Danielsen

Lysdesignar
Oscar Udbye

Dramaturg
Oda Radoor

Bakgrunnsinnhentar og manusbistad
Olaug Nilssen

Språkkonsulent 
Inger Johanne Sæterbakk

Med
Lars Melsæter Rydjord, Sara Fellman, Johanna Mørck, Anne Wiig, Anette Sissener Amundsen, Lars Halvor Andreassen

Strykere
Steinar Andreas Rinde, Åsta Katrine Hovde, Per Kåre Fossum, Geir O. Heggdal

Bass
Sindre Klykken

Blås
Peter Wergeni

Komp/ tangent
Håvard Gressum Antonsen

Studioopptak er gjort hos Bjørn Ove Hagset, Hagsetunes

onsdag 19.3. kl 19.30
Eg har ikkje ord | PREMIERE TEATERFEST
Teatret Vårt, Molde
torsdag 20.3. kl 19.30
Eg har ikke ord | TEATERFEST
Teatret Vårt, Molde