Riksteatret - Are Kalvø toppar VG-lista

Om popmusikken og meininga med livet.

Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?

Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.

Kjøp billett

Varighet ca 1 time og 30 minutter (ingen pause)

Av
Are Kalvø

Regissør
Erik Ulfsby

Scenograf
Unni Walstad 

Dramaturg
Ingrid Weme Nilsen

På scenen
Are Kalvø, Julie Støp Husby og Ståle Sletner

Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø. På turné med Riksteatret


fredag 15.10. kl 19.00
Riksteatret - Are Kalvø toppar VG-lista
Bjørnsonhuset, Molde