Segner

Samanstilt kunst

Havet bind i hop Island, Færøyane og Noreg. Midgardsormen i uthavet var ein trussel i si tid. I dag stig havet. Havet er eit tema i Segner. Ein finn det, vatnet, sterkt, stigande, øydeleggjande i Heidi Strand sine teppe.

Ein einsam fugl på eit flytande reir. Øyar og fuglar er tema, med den gamle kona som finn ein oljetilsølt fugl. Fjellet er eit tema, med den vakre jøkulen som stig mot himmelen og dei ”Gamle fjell i syningom”.

Hjå Jon Fosse ”held fjellet anden”.

Mennesket er der i båten i godver og uver. Og i vill dans på kaia. Musikk blandar seg inn mellom tekstbitar frå litterære verk topp ti, frå Edda, over Henrik Ibsen, Halldór Kiljan Laxness, William Heinesen, og til dei unge nye. Teppe, tekster, musikk med innehaldande tema blir levandegjort av utøvande musikarar, skodespelar og eit bevegeleg scenisk element.

Vi presenterer eit Gesamtkunstwerk. 


"Sjøen er blåkald og aldri rolig, et pustende kjempevesen som vanligvis bærer over med oss, men iblant ikke… "
Jón Kalman Stefánsson

Kjøp billett

Varighet 60 minutter

Skodespelar
Ragnhild Vannebo 

Saxofonar
John Pål Inderberg

Tuba
Elisabeth Vannebo 

Trekkspel
Heine Bugge 

Scenograf
Worm Winther 

Regi
Randi Lervik 

Tepper
Heidi Strand

tirsdag 25.2. kl 19.30
Segner
Teatret Vårt, Molde