Om menneskeleg livskraft, mot, tvil og håp.
Nesje, eller slåttekaren som han blir kalla, er enkemann og har ein son å ta seg av. Han finn kjærleiken på ny med Serianna, ei kvinne som røyker pipe og får Nesje med på seifiske. Gjennom eit liv med hardt arbeid og store val, blir ungeflokken større. Kvardagen er eit slit for å skaffe familien eit verdig liv, som hos så mange småkårsfolk langs Romsdalsfjorden. Draumen om ein ny start gjer at mange vel å selje ut, bryte opp og setje kursen over til det lova landet i vest. Gjertine, søstera til Serianna, drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å kome brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.
Dei fire bøkene
i slektskrønika Slåttekar i
himmelen; Slåttekar i
himmelen, Bror min på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd har hatt eit opplag på eventyrlege 330 000 bøker og vunne ein stor lesarskare. Bentein Baardson har regien på Slåttekar i himmelen, ei oppgåve han ser på som ei stor
utfordring. – Eg gler meg og kjenner ærefrykt i møte med slåttekaren, seier
regissøren.
Slåttekar i himmelen er ein samproduksjon med Det Norske Teatret og har urpremiere den 7. mars 2020 på Hovudscenen. Arne Nøst har scenografien, medan Ingrid Nylander har ansvar for kostyma.
Premiere 15. august 2020
av
Edvard Hoem
Dramatisering av
Kristian Lykkeslet Strømskag
Regissør
Bentein Baardson
Scenograf
Arne Nøst
Kostymedesignar
Ingrid Nylander
Videodesignar
Reidar Andreas Richardsen
Lyddesign
Nils Wingerei
Lysdesignar
Torkel Skjærven
Dramaturg
Carl Morten Amundsen
Skodespelarar
Jon Bleiklie Devik, Heidi Gjermundsen Broch, Sara Fellman, Bjørnar Lisether Teigen, Julie Støp Husby, Svein Roger Karlsen, Unn Vibeke Hol, Andreas Koschinski Kvisgaard.
Samproduksjon med
Det Norske Teatret
Urpremiere Det Norske Teatret
7. mars 2020