Translyria - Shakespeare

Tvillingane er fødde som jenter, men den eine er gut. Familien klarer ikkje å sjå Sebastian for den han er, og han forlèt dei. Tvillingsøstera Viola er redd for at noko forferdeleg skal skje og reiser etter for å finne Sebastian. Ho blir skyld i land i Illyria, tvillingbrorens indre verd, der eit fatalt familiedrama utspelar seg. No er spørsmålet: vil ho klare å finne broren før han bestemmer seg for å vere eller ikkje vere?

William Shakespeare er ein stor del av sjølve teaterarva, og er den mest spelte dramatikaren i verda. Historiene til Shakespeare har forma dei historiene vi fortel kvarandre i dag, og vi ser at Shakespeare sine komediar og tragediar frå 1600-talet er tidlause både når det gjeld tema og karakterar.

 Translyria er eit stort kostymedrama, og i denne framsyninga vert kjønnsrollene utfordra på alle tenkelege måtar: Kvinne speler mann fødd som kvinne. Kvinne spelar kvinne som kler seg ut som mann. Kvinne spelar mann som utøver makt over kvinner, og mann spelar kvinne som blir undertrykt av menn - alt dette i ein tragedie Shakespeare ikkje visste at han skreiv.

Tekstane i Translyria er henta frå kjende verk som «Romeo og Julie», «Helligtrekongersaften», «Macbeth», «Hamlet», «Som du vil», «Når trollet skal temmast» og «Richard III».  Med meir enn 25 utdrag frå klassikarane til Shakespeare har regissør Frode Gjerløw laga ein moderne klassikar om kjønn.

 Velkommen til Translyria!

 


Kjøp billett

Varighet 1 time og 45 minutter

Produsert av
Sogn og Fjordane Teater

Av
William Shakespeare

Omsetjing
Edvard Hoem 

Omarbeiding og regi
Frode Gjerløw

Scenograf og Kostymedesignar:
Ellan Perry

Lysdesigner:
Kaja Glenne Lund

Lyddesignar
Ross Flight 

Dramaturg:
Bodil Kvamme

Medverkande
Sulekha Ali Omar, Anders Firing Aardal, Ida Løken Valkeapää, Benedikte Karine Sandberg, Preben Lillebø Rongve

fredag 29.3. kl. 19.30
Translyria - Shakespeare
Teatret Vårt, Molde
lørdag 30.3. kl. 18.00
Translyria - Shakespeare
Teatret Vårt, Molde