Vårsøg 75 år

Sommerro sin hyllest til Hyldbakk og freden

Hans Hyldbakk skreiv Vårsøg i 1945. Diktet uttrykker gleda over våren - og over frigjeringa som var i anmarsj. I høve 75-årsjubileet inviterer vi til teaterkonsert av og med Henning Sommerro - i ei feiring av ein av våre kjæraste diktarar.

Henning Sommerro og gruppa «Vårsøg» platedebuterte i 1977 med kanskje den mest kjente viseversjonen av diktet med Sommerros melodi. Henning Sommerro har samarbeidd mykje med Hyldbakk. Til teaterkonserten har han skreddarsydd nye arrangement av eigne melodiar, og med utgangspunkt i Vårsøg tatt eit nytt blikk på Hyldbakks tekster. 

Saman med eit handplukka ensemble med John Pål Inderberg, Sara Fellman og Julie Støp Husby gjev Sommerro oss ei  framsyning som er ein hyllest til Hyldbakks liv og tekster – og freden.

Hans Hyldbakk skreiv sjølv  i «Vårbrev 1945» at han hadde stor von for våren:
...i  år er trua og vona større og rikare enn nokon gong før, for no lovar våren meir enn på lenge, (...) det ser ut til at sommaren kjem med den freden i fanget, som vi har venta så sårt på. Alt tyder på at no kan det ikkje vera lenge att før krigen er slutt."

Hausten 2020 skal Vårsøg 75 år på turné i Møre og Romsdal.


Trygge rammer
Når vi no opnar dørene til teatret igjen, skal alle vite at det er trygt å besøke oss. For å sikre god avstand mellom publikum, blir billettar solgt på anankvar seterad og med eit sete mellom kvar billettkjøpar. Kun medlemmar av samme husstand kan sitte samla. Utfyllande informasjon om smittevern ved teaterbesøket vil bli sendt på epost til alle i publikum på førehand. 


Kjøp billett

Premiere 17. juni 2020

Varighet 70 minutter (ingen pause)

Tekst
Hans Hyldbakk 

Musikk
Henning Sommerro 

Manus 
Svein Sæter, Kristian Lykkeslet Strømskag

Medverkande
Henning Sommerro,  John Pål Inderberg, Sara Fellman, Julie Støp Husby

onsdag 17.6. kl 20.00
Vårsøg 75 år
Teatret Vårt, Molde
Få billetter
torsdag 18.6. kl 20.00
Vårsøg 75 år
Teatret Vårt, Molde
Få billetter
fredag 19.6. kl 20.00
Vårsøg 75 år
Teatret Vårt, Molde