Hopp til innhold
Jordmor på jorda

Jordmor på jorda

Eit livsdrama og mektig kvinneportrett av Edvard Hoem

Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og var i livets teneste i meir enn femti år.

Ut ifrå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft. Jordmor på jorda er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket. Ei historie om kvinnesak og likestilling femti år før det vart ei politisk kampsak. I sentrum står jordmoras kamp mot skepsis og overtru, hennar stadig aukande ungeflokk og den traumatiserte ektemannen.

Marta Kristine og Hans Nesje er opphav til den store etterslekta vi møtte i suksessframsyninga Slåttekar i himmelen, som Teatret Vårt tok til scena saman med Det Norske Teatret i 2020. Teatret Vårt følger denne hausten opp med ei ny storslått teaterframsyning basert på romanen Jordmor på jorda.

Marta Kristine visste kven ho var. Ho stod støtt både når mistrua mot henne som jordmor var sterk, og då mannen fekk utfordringar som var for store for han å bera. Livet hennar som jordmor er ein nær del av vår kulturhistorie.

Jordmor på jorda er ikkje berre ei framsyning om framveksten av det viktige jordmoryrket, men òg ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør.

Premiere
30. august 2024
Varighet
ca. 2 timer og 45 minutter

Av
Edvard Hoem

Dramatisert av
Morten Borgersen og Kristian Lykkeslet Strømskag

Regissør
Morten Borgersen

Scenograf og kostymedesignar
Milja Salovaara

Komponist
Henning Sommerro

Koreografi-veileder
Stian Danielsen

Lysdesignar
Geir Hovland

Med
Kjersti Sandal, Bjørnar Lisether Teigen, Sara Fellman/Anette Sissener Amundsen, Vidar Sandem, Vivi Sunde, Lars Melsæter Rydjord, Sigmund Njøs Hovind

Musikere
Marit Aspås, cello

Henning Sommerro klaver og harmonium

Musikken er tatt opp av Jo Ranheim, Øra studio i Trondheim

Gallery image 1
Gallery image 2
Gallery image 3
Gallery image 4
Gallery image 5
Gallery image 6
Gallery image 7
Gallery image 8
Gallery image 9
Gallery image 10
1/10