Fylkeskultursjef Eiliv Birkeland Då Teatret Vårt kom til verda.jpg
Fylkeskultursjef Eiliv Birkeland

Teatret Vårt kom til verda, hadde teaterkunsten levd lenge i landet, også i vårt fylke. Vi hadde hatt Riksteatret på vitjing mange gongar med eigne oppsetjingar og med gjestespel frå andre. Vi hadde lært namn og fjes å kjenne, og skulle etter kvart møte att mange av dei same på TV-skjermen. 

Vi hadde lange tradisjonar med folkekomediar frå ungdomshusa. Difor var det mange som meinte at teater­ behovet var dekt då dei nye signala om «kunsten ut til folket» kom som del av den nye desentraliserte kulturpolitikken, der ein antyder at profesjonelle kunstnarar av alle slag godt kunne gjere nytte for seg andre stader enn i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. 

Det var toneangjevande kunstnarar som meinte dette ville forringe kunsten sin kvalitet, at det subtile berre kunne skapast på Nationaltheatret med naturleg nedslagsfelt rundt og at det ikkje var kunstnarar nok til å fylle provinsen. 

Det var politikarar som meinte nye teater var sløsing med pengar. Det måtte ein Per Amdam til for å overtyde skolekomiteen i fylkestinget om behovet for eit regionteater i fylket. Ingen hadde sagt «Per, du lyver!» til denne kulturforkjemparen før. Tinget vart overtydd når det og fikk vite kva eit profesjonelt teater kunne bety for amatørteatret i fylket. 

I Molde gjekk det lettare. Der satt det pådrivarar både i administrasjon og blant politikarane. Dei ville ha teatret til byen og samarbeidde med fadderen Riksteatret om det. 

Teatret Vårt vart etablert. Unge entusiastiske skodespelarar, gamle turneveteranar og andre teaterfolk tende saman om å utforme eit nytt og levande teater, styrt av alle som var med. Spanande kunst vart skapt av skodespelarar, scenografar, musikarar og regissørar med frie hender og stramme økonomiske rammer. Gamalt stoff vart servert i nye innpakningar. Scene og sal vart ofte same sak, ramma om ei felles og tett oppleving. «Betre med ein skodespelar på fanget enn ti på den fjerne scena». 

Begeistringa var stor også blant blaserte hovudstadskritikarar. Skodespelarar og andre folk fekk skape seg ein plattform her, starten på ei karriere. Men det vart kritikk fordi ein spela for radikalt teater, eller for tradisjonelt, fordi ein brukte for gamalt stoff, eller fekk skrive nytt som folk ikkje kjende seg att i. Og rett som det var måtte styreformann Petter Pettersson eller ein av hans etterkomarar i styret opp og tale den frie kunsten si sak. 

Hilde Grythe og Anne-Mari Dale i Glassmenasjeriet.jpg
Hilde Grythe og Anne-Mari Dale i Glassmenasjeriet

Verst var det kanskje det året teatret kjende at det hadde møtt veggen kunstnerisk og ville ut i verda og fornye seg. Det var uhøyrd i departementell praksis. Teaterleiing og medspelarar måtte inn på statsrådsteppet for refs, men tur vart det, med kommunal og fylkeskommunal velsigning. Og erfaring fekk ein på så mange vis. 

Kva særpregar dette teatret i eit av dei mest vanskeleg styrbare fylka i landet, som det har levd så lenge i? Kanskje ein særskild respekt for publikum. Det nytenkjande ensemblet oppdaga at eit publikum utan lange teatertradisjonar kan vere meir spontant mottakeleg enn eit publikum med abonnement til Nationaltheatret. At menneske med hav og fjell og orkanbyger som erfaringsbakgrunn i dagleglivet forstår meir av moderne teater enn mange med Karl Johan eller Lille Lunggårdsvann som referansemiljø. Difor veit teatret at det må setje same krav til seg sjøl når det spelar i Tafjord og på Smøla som ved eit gjestespel i Bergen. 

Teatret Vårt er ingen tenåring lenger, men ein moden institusjon med mange prosjekt på gang, frå dei minste intime i teatret sine nye salongar til den store jubileumsforestillinga, der det vert spela på dei mange krefter teatret har knytta sterke band til i fylket sitt kulturliv. Band som bind i hop eit tverrkulturelt samarbeidsmiljø som lovar godt for framtida. Teatret står ikkje åleine men er ein hjørnepilar i fylket sitt kulturliv. Det må vere der for at kulturlivet vårt skal utvikle seg vidare, som arbeidsplass for nyskaparar, underhaldarar, formidlarar i eit samfunnsspeglande korrektivt miljø. Eit slikt miljø treng vi meir enn nokon gong. Derfor treng vi teatret - Teatret Vårt. 

Teksten er hentet fra boken: Teatret Vårt gjennom 20 år. ISBN 82-90393-48-2.

Historisk tilbakeblikk 1600x420.png