Jordmor på jorda
Eit livsdrama og mektig kvinneportrett av Edvard HoemTeatret Vårt har denne hausten opplevd stor suksess med framsyninga Jordmor på jorda, der publikum har strøymt til teatersalane for å oppleve Edvard Hoems gripande livsdrama og mektige kvinneportrett. Med fulle hus i heile Møre og Romsdal, strålande tilbakemeldingar frå både kritikarar og publikum, og heile 31 framsyningar har Jordmor på jorda sett publikumsrekord for Teatret Vårt med nærare 7000 publikumarar.
Å bli invitert til Det Norske Teatret er ei stor ære og eit teikn på at vi nok ein gong har lukkast med å skape teater av høg kvalitet, seier Kristian Lykkeslet Strømskag, teatersjef ved Teatret Vårt. Slåttekar i himmelen var ein samproduksjon med Det Norske Teatret og opplevde stor suksess. Då vi i eigen regi sette Jordmor på jorda på programmet, var vi spente på korleis framsyninga ville bli motteken. Det har vore eit eventyr frå start til mål, og no får dette eventyret ein ny og god slutt. Vi er tilbake der vi starta med Slåttekar i himmelen. Det er derfor ekstra hyggeleg å bli invitert til Hovudscena på Det Norske Teatret med vår eigen Jordmor på jorda, avsluttar teatersjefen.
Jordmor på jorda er ein viktig historie om kvinner, om kvinnehelse og om kvinnekamp. Desse historiene er ofte underfortalte. I Kjersti Horn sitt repertoar får kvinner større plass. Med Edvard Hoems forteljing om Martha Kristine som utdannar seg til jordmor i Christiania og vender heim til Romsdalen vil publikum på Det Norske Teatret nok ein gong få følgje livet i utkant-Noreg på 1800-talet. Sist gong Teatret Vårt og Det Norske Teatret samarbeidde om ei framsyning var det med Hoems forteljing om Slåttekar i himmelen, uttalar informasjonssjef Ida Michaelsen ved Det Norske Teatret.